mandag 28. februar 2011

Snart støyping av kjeldar

No er grovstøypen på plass og BEWI-elementa er kjørt på plass.
I morgon skal dei sette opp BEWI-veggar, klar for å fylle opp med betong.
Her er grovplata til huset støypt, garasje blir støypt seinare.
BEWI-element er på plass
Det blir spennande å sjå når veggane/elementa er satt opp, må prøve å få nokre bilder mens dei held på:)

mandag 21. februar 2011

Snart støyping

No er renseanlegget komt på plass, elektriker og rørleggar har vert på tomta i dag. No ser tomta klar ut til støyping, er sagt dei skal gjøre det i slutten av veka. 

Her er veg komt ned til garasjen og kjeller, og veg som går på oppsida av huset

Renseanlegget

Ser ikkje ut som huset blir så stort . Ser vell mindre ut en de det er :P

onsdag 16. februar 2011

Siste nytt frå husbygging

No er tomta snart ferdig utgravd og kabel med byggestrøm er komt på plass. 
Viss alt går etter planen kan dei begynne å støype i slutten av veka. Kjellar veggane blir først støpt med BEWI element. 

BEWI byggesystem:
Dette byggesystemet er enkelt, renslig, brannsikkert, energibesparende og ferdig dobbel isolert. Det har ikkje vert så lenge på markedet men det er mange som tar i bruk dette.  I følge huslevrandøren er det lettere å  få rette vegger fordi det er lett å støtte opp og elementa er låst i kvarandre.

Bilder funne på vivilla.no
Slik ser det ut når grunnmurene er oppe og betongen skal fylles i og avrettet.

Slik ser elementene ut montert med broer og armeringsjern lagt. Mellom her dei fyller med betong.

 Fant info om iglo system på www.viivilla.no , gå inn der for å lese meir.
Iglo er nesten det samme.


Her er BEWI elementa komt på tomta:)

fredag 11. februar 2011

Sprenging på tomta

Ja no har dei sprengt en del på tomta. Ser ut som det kjem til å gå fort fram når dei først har begynt. Er kanskje allerede komt ekstra utgifter, må kanskje justere på strømlinje som går forbi tomta, dei meiner at den er for nær, kan ta opp i og dette må vi vere med å betale for.

lørdag 5. februar 2011

Graving på tomta

Her er bilde av graving på tomta :

 








onsdag 2. februar 2011

Endelig begynt

I dag har dei endelig begynt å grave på tomta, godt at dei endelig begynte.
Opp på lørdag å sjå på tomta kor langt dei er komt.