søndag 27. mars 2011

Garasje snart klar

Veggane på garasja er ferdige, no er det plata over gasasja som gjenstår. 
Det skal og opp ei stålsøyle der hjørne på huset kviler på plata over garasja.

Dei har forskala ein del av plata over garasja i løpet av neste veke er nok plata støypt, då er det golve i garasja igjen.

På sida av garasja har vi funnet ut at det skal støypast ein liten open "hukk". Det har sett ein liten brems for støypinga av garasjetaket då det måtte støypast fundament til veggen og veggen måtte opp før garasjetaket.
Hadde vi tenkt på dette før hadde det vore lukka med dør inn til garasja....

Her er veggen på sida av garasja ferdig forskala og plate med fundament støypt.

Her har dei begynt å forskale ein støtte vegg som måtte til mellom sluse og vaskerom.

Slik såg det ut på bygge plassen på Torsdag.
Det er heldigvis litt mindre snø no....
No er det Søndag og det har begynt å snø igjen....

fredag 11. mars 2011

Forskala garasje

No er forskalinga på garasasja komt opp.
Kan sjå ut som dei er klar til å fylle med betong på Mandag.




 Her har dei brukt eit "stålsystem". Veit lite om da men det gjer at garasja blei 10cm breiare, det gjer ingen ting:D

Får håpe det sluttar å snø snart, det har satt ein brems for arbeidet denne veka...
Har komt rundt ein halv meter snø dinna veka....


lørdag 5. mars 2011

Kjellaren står å herdar

Då er elementa fylt opp, står og herdar og gjer seg klar til neste fase.
 Det geniale er at det ingen forskaling som må rivast og alle ytterveggar er ferdig isolert.
 No skal alle veggar kleast med gips på innsida, på utsida skal det murpussast der det ikkje blir fylt inn til.
Der det skal fyllast inntil blir det lagt plast opp etter elementa også fylt inn til.



fredag 4. mars 2011

Betong på plass

I dag kom det 3 betongbilar med ca. 17kubikk betong til å fylle opp veggane i kjeldaren.
Kan ikkje skryte over veiret.
Får håpe det ikkje blei alt for mykje snø i betongen....
Det gjekk nok fint.

torsdag 3. mars 2011

Snart ein solid kjeldar:D

Har tatt litt lenger tid en først planlagt men med litt hell og fortsatt høgt arbeids tempo kan det bli støyping på slutten av morgen dagen. 
Veggane er snart oppe men skal støttast opp og rettast før dei kan fyllast med betong.

onsdag 2. mars 2011

Her skjer det ting!!

Veggane har vekst litt i høgda i dag:-)
Huset ser litt større ut no når veggane begynner å komme på plass.
Begynner å sjå litt meir kordan det blir no når rammene til vindauge er satt i.
Rammene er vel kanskje kun til forskaling ved støyping.
Får tru veire held seg, var spådd ein del vind men ser bra ut på veirvarsel no.
Det hadde vore kjedelig viss alt forsvant i vinden.....

tirsdag 1. mars 2011

Kjeldar på veg opp:)

I dag begynte dei å sette opp elementa. 
Her blir det armert og fylt med betong, armering skal ligge på dei svarte bruene som er mellom utside og innside av elementa.
Dette danner til slutt ein ferdig isolert vegg som skal murpussast på utsida som er synleg og plater kan skruast rett på på innsida.
Her er innsida av elementa.
Det er kjekt å sjå at det begynner å ta form.
Her er dei i full sving:)
På Torsdag eller Fredag har dei planar om å fylle med betong viss alt går etter planen.
Har dekka til for å hindre snø og vatn ned i mellom elementa.